Publisert 15 / 10 - 2019

Vinje kommune er med på å forsterke Emilie sin stemme

Når Vinje kommune arrangerer «Sei det til nokon veka» skal de vise filmen "Alt det jeg er". Målet er å bryte tabu og gi kunnskap til voksne som jobber med barn.

Emilie og lillesøster Danielle
Utdrag fra filmen "Alt det jeg er", Emilie og lillesøster snakker om hvordan det var å leve med den vonde familiehemmeligheten. Foto: Egil Håskjold Larsen

I fjor tok eg og to av mine tilsette i barnehagen studiet seksuelle overgrep på universitetet i Sørøst-Norge. Då var me så heldige at me fekk møte Emilie og sjå litt av filmen, men var også «prøve kaninar» på Educational Storytelling. Då tenkte eg med ein gong at dette må me få til kommunen vår, sjå filmen, og helst kjøpe storytelling også…

– Heidi Rønningen, leder i Rauland barnehage

Heidi Rønningen er leder i Rauland barnehage og tok studiet Seksuelle overgrep i eit livsløpsperspektiv i Drammen. Sammen med de andre på dette studiet deltok hun i pilotprosjektet Educational Storytelling, en metode for e-læring som universitetet i Sørøst-Norge har vært med å utvikle. Nå har hun løftet Alt det jeg er-prosjektet inn i sin kommune. Her kan du lese om hvordan Vinje kommune jobber med tema vold og seksuelle overgrep i barnehager og skoler.

Emilie møter Heidi og de andre studentene på universitetet i Sørøst-Norge.

Sei det til nokon veka er eit samarbeidet med SLT, barnehagane og skulane. Det er ei veke som tema vald i nære relasjonar og seksuelle overgrep skal vere på dagsplanen. Noko gjer ein lokalt i kvar barnehage og skule, noko er for heile befolkninga på kveldstid. Me jobbar med ulike ting, alt frå teater framsyningar, ulike foredrag, film og standup. Me skal ha utstillinga «Viss klær kunne fortelje» ståande heile denne veka. Me skal ha opplegg rundt boka «Sinna mann» for mellomtrinnet. Me har fokus på at me ynskjer at barn skal vite kva som er lov og ikkje, kva dei skal gjere viss dei opplever ting som ikkje er greitt.

Me ynskjer at filmen "Alt det jeg er" skal bidra til at nokon fortel sin historie, at alle får kunnskap om at dette skjer og kva det gjer med eit menneske.

– Heidi Rønningen, leder i Rauland barnehage

Me ynskjer å vise «Alt det jeg er» for 10.klasse og for alle som jobbar med barn og unge i kommunen vår. Me ynskjer at filmen skal bidra til at nokon fortel sin historie, at alle får kunnskap om at dette skjer og kva det gjer med eit menneske. Me ynskjer at dei som jobbar med barn og unge skal få kunnskap om korleis oppdage, korleis handtere og ikkje minst korleis møte barn/unge/vaksne som har vore og er utsett for seksuelle overgrep. At seksuelle overgrep får eit ansikt, kanskje det då er enklare å ta ting innover seg for alle oss som jobbar med menneske.

Det er alltid behov for å lære meir om dette, ofte så er ein på kurs, og det er veldig bra. Men det eg har lært mest av er å høyre på nokon som har vore utsett. Det får meg til å tenke på ein annan måte.

– Heidi Rønningen, leder i Rauland barnehage
Emilie, Foto: Signe Fuglesteg Luksengard

Det er stort å tenke på at min historie kan bety så mye for så mange andre.

– Emilie Andrea, fra "Alt det jeg er"

Ønsker du å løfte Alt det jeg er-prosjektet inn i din kommune? Ta kontakt!